Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

Arrangementsinformasjon

(OBS: pass på så du kjøper billett til rett lokale)


“Vi skal ikkje sova bort sumarnatta” skreiv Aslaug Låstad Lygre i samband med eit opphald på Harastølen i Luster. 

Med det i tankane inviterer vi til ein sommarturné for å live opp ein sommar som har fått litt anna preg. Då lokalnæringa får ein veldig annleis sommar, går alle billettinntektene direkte til kaféane som arrangerer dette for å hjelpe til med å redusere årets tap. 

Me syr saman dette programmet av musikk og dikt med røter frå Indre Sogn, der namn som Edvard Grieg, Jakob Sande og lokale heltar vil være sentrale.Musikarane Henning Lad og Anders Vassli Brekke tek med seg fedrane tidlegare NM-meister i durspel, Arve Bjørn Røneid og kulturarbeidar Jens Brekke. 

Me håpar de tek turen, får ein flott konsertoppleving og vert med på bidraget. 

Ein stor takk til Luster Sparebank og Sogn Sparebank som sponsar oss for at me skal kunne gjennomføre denne turnéen utan inntekt.